Uttak av tømmer til vindeark

Skrive av Atle Østrem og Marius Røbech

Fredag 13. Februar reiste heile arbeidsstokken ut i skogen i Fana for å felle tømmer til ny vindeark i Bugården.

Ei oppmålingsteikning  frå 1945 syner at det har vore ei innvendig vindeark på nord-vestsida av frontbygningen i Bugården. På bilde frå brannen i 1955 er denne arka borte, men me kan sjå spor i golvet etter taua og lukene i etasjane under der vinda har vore.

Martin har arbeid med å planlegge den nye vindearka og han har samanlikna  teikninga med andre liknande vindarkar på Bryggen. Ut frå desse undersøkingane er det laga materialliste til rekonstruksjonen av vindearka.

Me såg snart at dimensjonane på dette tømmeret er langt mindre en mykje av det me har på lager til restaureringa av Bugården. Me har lenge snakka om at me treng meir trening i hogst og skogsarbeid så dette er eit godt høve til slå saman behovet for materialar med ein tur i skogen.

Teikning med materialliste syner dimensjonar, lengdemål, antall, og plassering i bygningen. Med ei slik oversiktlig liste er det lettare å vurdera tømmeret for kvart emne me tar ut.


Hogstfeltet vårt er ein skogsteig av planta furu frå like etter krigen.

Det meste er ung og uferdig skog som fortsatt er i god vokster. Furua står relativt tett her. Trea har konkurranse om plassen og tilveksten er liten også dei første vokståra. Skogen strekker seg mot lyset og avsmalinga er relativt liten, omlag 2cm på 4 meter lengde .

Ungdomsveden er også ganske tettvaksen med små årringar.
Det gjer at trea er relativt tidleg avkvista og det har vokse utanpå kvisten ganske langt opp på stamma. Likevel ser me at her er rikelig med rotakvist.

Slik passar denne furuskogen godt til dei kvalitetane me etterspør. Det er kjekt å kunna prøva ut kor ”dårleg” skog ein kan nytta til dei små dimensjonane i vindearka. Me trur at me nyttar skogen bra i dette høvet,- inspirert av slik dei gjorde det under gjenreisinga av Bryggen etter brannen i 1702.

Hogstteknikk

Fleire av oss er van med felling med motorsag og synes det er einaste fornuftige framgangsmåten for å få jobben gjort raskt og effektivt.

Nokre av oss har vore på i skogen med Roald Renmælmo på Røros der me felte med øks.

Det var kjekt å få øva seg litt meir i desse teknikkane og å visa det til arbeidskolegar.

Fellinga med øks gjekk føre seg på ein sikker måte der me, ved å vera nøye med felleskåra, hadde god kontroll på fall retninga. Bakhogget vart satt med to innhogg med ein rygg ståande igjen midt på. Då hadde me kontroll på brytekanten ved at den er lik på begge sider (knappe 2 tommar). Når me så høgg av ryggen dett stokken roleg og sikkert der me vil ha han.

Største utfordringa med denne metoden er at ein også må hogga keivhendt. Då er det greitt at Marius er venstrehendt. Slik kan me veksla på å hogga frå venstre og høgre.

Einaste ankepunkt frå motorsaggruppa var at me hadde stubba altfor høgt oppe. Me fekk unnskylda oss med at me var i eit sterkt skrånande  terreng og at ein av oss hadde vanskar med eit dårleg kne.

Felleskoret må vere så open at treet får dette fritt slik at det ikkje riv ut fiber i brytekanten. Det er viktig å gjera gode val ved oppdeling i lengde i forhold til kvist og sleng i stokken slik at bruken av stokken blir optimal. God planlegging av lengde og minstedimensjonsmål på ferdig bygningsdel er viktig for å kunna ta gode val ved utveljing og kapping av tømmeret.

Meir om bygginga av vindearka følgjer ved eit seinare høve.


Friday february 13th we all had a day in the forest to find materials for a dormer roof extension, which we are recreating at the Bugården project. There is a drawing from 1945 with the extension, but in pictures from the fire of 1955 we can see that it’s not there anymore. But we can still see evidence from the use of ropes and see the hatches today underneath where it once was.

Martin planned this project by looking at the drawings from 1945, and from looking at other extensions like this on Bryggen to make a list of the materials we needed to make a reconstruction, as seen on the drawings above.

The forest where we picked out the materials, is a young pine forest planted not long after the second world war so the timber is not fully grown, and the quality is at best fair. But this serves good to our purpose, as this is about the same quality that they could expect to get at Bryggen in 1702 after the big city fire, when they were in desperate need of timber to rebuild the storages to continue the trade.

Some of us are used to the use of chainsaw when doing this work, but this beeing for the reconstruction of a structure from the 1700’s, we wanted to do it the old way with axes mostly. The only comment from the chainsaw crew, was that we didn’t go low enough with the axe, but this was due to steep terrain and a somewhat bad knee.

This is just the first post from this particular project, so be sure to check in on the Vindeark category!

1 thought on “Uttak av tømmer til vindeark

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s