Snekkring av butikkvindauge til Bugården

Skrive og utført av Atle Østrem og Marius Røbech
I samband med restaureringa av Bugården, bygningen til venstre på biletet, snekrar me nytt inngangsparti med dør og utstillingsvindauge. Ved slike høve tek me gjerne med oss handarbeidet inn i den moderande produksjonen. Det gjer me for å auke kvaliteten på produktet og for å oppretthalda naudsynt handverkskompetanse:

Retting og dimensjonering av karmstykka vert gjort maskinelt på avrettar og tykkelse høvel. Falsane blir fresa ut på bordfresen med ein falskutter. Vann nasa er no med vinkelrett fals, men her ynskjer me å høvla ned slik at det vert fall for vatnet til å renna bort frå glaset.Platten mellom glasfalsen og vann-nasa er laga for å bryta vatnet slik at vatnet ikkje trekker inn under glaslista når det bles og regnar.

Det vert merka med strekmål slik at me ser kor langt ned me skal høvla. Me brukar ein okshøvel til første grov høvlinga. Siste millimeterane vert høvla med falshøvel. Denne høvelen har klaff. Når han er godt opsett høvlar han like fint som ein god pusshøvel. Høvelen er stilt slik at den ikkje er aggressiv mot sida i falsen men bare så vidt skrapar borti her. Høvelen er kopi av ein av falshøvlane etter Sjur Nesheim.

På undersida av vann-nasa var det vanleg å setta ein liten holkil slik at vatnet vert brote og renn av. Dersom denne manglar er det fare for at vatnet renn inn under lista og vidare inn i veggen under vindauget.

Me har sjølvsagt moglegheit til å høvla skråfals og holkil maskinelt på bordfresen, men det er tungvindt å bytta verktøystål og stilla om bare for å fresa nokre få emne. Ein erfaren snekkar eg arbeide saman med hadde ein slik liten holkilhøvel liggande klar i verktøyskåpet. Han meinte det var enklare å ta fram denne og høvla randa under vann- nasa en å stilla inn fresen for kvar gong.

Me vel å sinka karmen saman for hand med gamaldags karmsink. Det gjer me for å få ei sterk og stabil samanbinding av karmdelane som skal bere dei tunge laminerte glasrutene. Samstundes opprettheld me tradisjonen i det å sinke karmar for hand.

Karmsinken skil seg frå møbelsink på fleire måtar: Tappstyket har ei lita ”snøype” (grunntapp) som går inn i et spor i sidestykket (sinken). Denne gjer at samanbindinga kan trekka seg litt utan at det blir opning i innvendig hjørne. Spesielt til dørar som slår inn er denne grunntappen nyttig då den hindrar vatnet å renne gjennom sinken og inn under dørkarmen. Det andre er at sinkane er underskorne slik at dei vert opne mot rangsida av sidekarmane. Dette er gjort slik at dei kan kilast opp under monteringa. Ein legg på litt lim mellom kilen og tappen slik at det vert ei kileform i samanbindinga som held begge vegar. Då slepp ein å bruka spiker for å halda karmdelane saman.

I den nye verkstaden har me forsetet ståande framme. Eg har gjort størstedelen av sinkinga her og eg synes det er lettare en å stå ved høvelbenken. Når eg sagar er emnet fast ved at eg legg høgre kneet oppå og stør med venstre handa. Då står eg godt over emnet slik at det er lett å saga. Siktlinja blir også god når ein står slik i rett linje over emnet.

Sittehøgda er betre på forsetet en på den høge høvelbenken, og arbeidsstillinga ved stemminga av sinkane er god. Emnet er no fast ved at eg sit overskrevs på det. Eg sit i rett linje i forhold til karmstykket og eg slepp å vri overkroppen for å få retning mellom emnet og verktøyet. På den låge benken er det enkelt å reisa seg å venda emnet for å stemme frå baksida.

På djupare karmar vil ein sage ut for fleire sinkar. Me vil komma tilbake med meir om karmsink seinare når me skal til å snekre dør.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s