Produksjon av Vindeark

Vindearken i Bugården  er ein innvendig, lukka vindeark. Her vert varene heisa opp inne i svalgangen gjennom luker i golvet over tre etasjar og loft. Ved dei opne vindarkane som er bygd ut over passasjen vert varene heisa fritt på utsida av bygningen.

Den opphavlege vindearken er truleg gått tapt etter eksplosjonen på Vågen 20 april 1944. Under det me trur er reperasjonsarbeid etter eksplosjonen blei taket på heile bygningen gjenreist med nye sperr og pløgde sutaksbord. Avstanden mellom sperra vart no korta ned frå 1m til omlag 80 cm. Dette har betyding for infestinga og plasseringa av vindearken vår. Det er nemleg vanleg at slike vindearkar er plassert mellom opningen av tre sperrepar der foten av midtarste sperreparet er skåre bort for å gi plass til vinda. Dette gir eit breddemål  på omlag 2meter, noko som vanleg på vindearkane på Bryggen.

Konstruksjonen i sperrerame og stolpar er samansett av 5″x 5″ boks som er tilhogge av rått virke. Sjølve bjelkane som ber vindehjulet er noko kraftigare,-om lag 6” x 7.” Materialane er henta på skogen i Fana.

I den neste posten vil me syna tillaginga av sjølve vindehjulet med aksling og spilehjul.

2 thoughts on “Produksjon av Vindeark

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s