I ein tidlegare post synte me tillaginga av vindearken til Bugården. I denne posten skal me vise korleis me gjekk fram når me laga sjølve vindehjulet.
Me har ikkje noko restar etter det opphavlege vindehjulet. Det gjekk truleg tapt som følgje av eksplosjonen på Vågen 20 april 1944. Men me har oppmålingsteikningar å retta oss etter når det gjeld utforminga og storleiken på hjulet. Plasseringa av hola etter heisetauet og plasseringa av lukene i svalgangane i etasjane under vinda bekreftar at me kan bruka dei gamle teikningane med omsyn til storleik og plassering av hjulet. Når det gjeld detaljane i utforminga må me sjå til dei gamle hjula andre stader på Bryggen. Me har også med oss erfaringar frå produksjon av vindehjulet i Svensgården 5e som vart laga nytt under restaureringa i 2007.
Lager, jernband og jernaksling til begge desse vindehjula er smidd av Seppe Lehembre i smia på Fartøyvernsenteret i Nordheimsund.
Vindehjulet består av ein aksling og eit spilehjul. Spilehjulet er bunde saman på to ringar laga av doble bord som er grovt tilhogge i sirkel og spikra saman. Spilehjulet er igjen festa til akslingen med eit dobbelt sett gjennomgåande krysslagde eiker. Eikene er låst til akslingen med gjennomgåande kilar.
Akslingen er laga av ein tilhoggen furustokk på omlag 8″ i firkant. Det er fasa hjørne der spilehjulet er inn festa. Mot opplagringa inne går akslingen over til åttekant. Den delen der heisetauen løper rundt er høvla til rundholt.
Her ligg emne til akslingen.
Dei grøvste spora etter øksa vert høvla bort med ei skøve.
Oksøvelen vert brukt til å sletthøvle
Det vert bora gjennom med navar for å lette arbeidet med å hogge hol for eikene.
Navarane våre er laga i Fossesmia av navarsmeden Johannes H Fosse.
Ved å legga navaren skrått i hola som me har bora går det greit å ta bort veden mellom hola.
Her er verktøyet som er i bruk til å høgge ut hol for eikene.
Det er greit å sitte på skrevs over emnet når ein bruker hoggjernet. Då får ein god kraft over verktøyet og emnet ligg støtt.
Fintilpassing
Me tar av litt meir der kilen skal gå inn og låsa eikene.
Det er tatt ut i halv ved i eikene der dei kryssar kvarandre inne i akslingen. Når kilen vert sett inn låser den eikene fast til akslingen.
Her prøver me begge setta med eiker inn i akslingen.
Her er det merka for boring til jernstanga som skal bere akslingen. Legg merke til at margen ligg heilt i senter av stokken.
Her ligg eit sett beslag som skal monterast i kvar ende av akslingen. Beslaga er smidd av Seppe Lehembre i smia på Fartøyvernsenteret i Nordheimsund. Legg merke til fasongen på jernstanga i forhold til navaren. Smeden har spissa denne slik at den passer til navar holet.
Skisse med bestilling av beslag
Det vert først bora med ein 3/4″ navar for å sikre sentrering og retning i boringa. Deretter vert det bora med den store navaren på forrige bilde. Det er viktig å treffe rett ved første forsøk ellers vil det bli kast i vindehjulet under bruk.
Det vert merka med sotsnor for tilhogging til åttekant. I den delen av akslingen der eikene går gjennom blir det høvla ein mindre fas på omlag 1″
Dei øksa flatene vert sletthøvla med okshøvelen.
Overgangen mellom firkant (med fasa kant) og åttekant må stikkas ut med eit kvast tapp-jern.
Den runde enden av akslingen vert forma ved at me deler inn flatene frå åttekant til 16 kant.
Deretter høvler me bort skarpkantane. Stokken vert no tilnærma rund i fasongen
Detaljarbeid i forminga vert gjort med tappjernet.
Som siste hand på verket gjenstår det berre å pussa flata med ein finstilt pusshøvel.
Jernringen som skal på enden av akslingen har ein viktig funksjon. Den skal hindra at akslingen ikkje sprekk. Difor er den forma med litt avsmalning slik at den blir trangare når den vert slått inn på akslingen. I tillegg er utsparringa i akslingen gjort litt spasomt. Derfor må me varma beslaget slik at det utvidar seg før montering.
Ringen vert varma med gassbrenner slik at den utvidar seg.
Ringen vert slått på plass. (Det er ikkje bra å bruka øksa til dette,-her burde me heller ha funne fram ei lita slegge)
Ringen er komt på. No er det berre å slå på plass jern tappen.
Her er det hogge ut for lageret til akslingen.
Lageret er spikra fast med fire smidde spiker.
Den ferdige akslingen vert prøvd i konstruksjonen.
Spilehjulet er laga av oppgangsskorne bord på 5/4 tommer. Desse borda er berre retta på den sida som ligg mot kvarandre. Me har forsøkt og finna bord som er skore av stokkar med litt sleng i seg slik at me får mest mogleg langved i emna. Med å planlegga betre kunne me ha bestilt slike bord frå oppgangssaga i Herand. Men ved dette høvet sorterer me ut fra det me har på lager og finn dei emna som er best egna. Spilene som heisetauet skal renne rundt er laga av dei rettaste og mest kvistreine borda me fann under sorteringa. For å spara tid er desse kløyvd på sirkelsaga til lekter. Endane på spilene er tilhogne med øks slik at dei passar til dei avsmalande hola etter navaren. Denne tilpassinga prøver me for kvart emne ved å slå det ned i eit navarhol i ein askeplank. Den mjukare furuveden formar seg då etter den harde veden i aska.
Me lagar oss ein passar for å merke av radius på yttermål, sentermål og innermål på sirkelen. Rissespissane er 3″ spiker som me slår gjennom eit golvbord. Spor etter slik oppmerking finn me att på dei gamle vindehjula. Radien senter hjulbane er omlag 70 cm.
Risset etter oppmerking for spilene på det gamle vindehjulet i Bredsgården 2b
Marius merkar opp borda.
Det vert forsøkt saga med ei grindsag med smalt blad. På dei gamle vindene er det så langt me ser brukt øks til å forma borda.
Det går greit å sage. Men me vel å bruke øks slik det var gjort før.
Ved oppmerkinga av kvart enkelt bord rissar me opp ei linje frå senter og uet til kvar ende av bordet. Når me sagar ettter denne rissen får me ein nøyaktig skjøt mellom borda uavhengig av lengda på det enkelte bordet.
Borda vert først grovt tilhogne.
Deretter høgg ein finare etter rissen med støtte i benkehaken som er bora ned i forsetet.
Når ein nærmar seg enden av emnet er det greit å ha støtte ned mot benken slik at det ikkje vert utrivigar
Her er emna lagt opp på malen. Me legg dei to laga med så stor omskøyt som mogleg slik at det vert sterkt nok i samanbindinga. Det berre det siste emnet må sagast til slik at det passar inn i sirkelen
Me brukar starmeband til å spenna emna tett saman. Me spikrar det heile saman med klipt spiker. Spikeren er så lang at den går gjennom emna. Den vert bøygd tilbake og slått saman med mothald slik at flatane vert pressa tett mot kvarandre.
Her er dei to ringane ferdig tillaga.
Omkrinsen i senterbanen av ringane vert delt inn slik at det er plass til 20 spiler. Merkinga vert gjort med stikkpasser slik at det er satt av gode merker til å styre navaren i starten av boringa. Me byrjar å bora med ein 1/2 toms navar for å få mest mogleg nøyaktig styring på hola.
Her er Sondre i arbeid med 1″ navar. Det er viktig å ikkje legge press på navaren fordi den då vil rive ut i endeved og lage unøyaktige hol. Dersom ein lar navaren arbeide seg ned i materialet skjølv berre ved å snu han rundt borar han mykje finare.
Sondre fintilpasser endane av spilene. Dei er først grovt tilhogne med øks.
Spilene er slått inn i eine ringen.
Det er skore eit snitt for kile i endane på spilene.
Montering av den andre ringen.
Kilane vert slått inn for å låse spilene.
Spilehjulet er tredd inn på akslingen, og me trer inn eikene. Eikene på dette hjulet ligg på innsida av treringane
Vindehjulet ligg ferdig på berebjelkane. Når me snurrer det rundt ser me at det er fin balanse i hjulet. Det går ganske så jevnt berre med få millimeter kast. Det viser at me har gjort nøyaktig arbeid og at me kan vere godt nøgd med jobben me har gjort.
Like this:
Like Loading...
Related