Her fylgjer tredje posten om vindearken i Bugården. Bileta viser monteringa og ferdigstillinga av arken. Arbeidet vart gjort i ein godvêrsperiode på ettersommaren 2015.
Vindearken vert montert i godt ver. Det er fin utsikt til eit speilblankt havnebasseng. På biletet er stolpane reist med nederste sperreramme påmontert.
Tverr-ramene vert lagt på inne og ute.
Dei ulike delane er ferdig tilpassa og merka saman på verkstaden så det er berre å følga merkinga og lø det heile opp.
Her ber me ut tverrbjelken som vindehjulet skal kvila på. Legg merke til dei to sperrene frå hovedtaket som kjem ned og stenger opninga der vindehjulet skal ligge. Desse to sperra vert skore bort etter at rammeverket er montert.
Tverrbjelken ute vert lagt på plass.
Her er øvre sperreramme kome på plass. Me set gjennom nokre smidde bolter for å låse dei to rammene til kvarandre. Sperreramma i arken er bolta sideveis til sperra i hovedtaket. Det dannar ein fast trekant mellom elementa i vindearka og ramma nede ved stolpefoten til arka. Dette gjev diagonal feste til arka slik at ho er stiv og fast i forhold til belastning på ut og inn.
Arbeidsteikning av arka. Legg merke til at sperret i hovedtaket danner ein diagonal som stiver av konstruksjonen.
Her vert vindehjulet løfta på plass.
Det er såpass trangt mellom rammekonstruksjonen og tak-sperrene at vinda må på plass før sperra vert montert.
Her ligg hjulet trygt opplagra i ramma.
Sondre festar sperra med trenaglane gjennom not og klauv i toppen
Dei to ytterste sperrepara er kome på plass. Dei er bolta til ramma med ein smidd bolt i kvart sperr.
Her er sperra frå hovedtaket skore bort. Endane frå desse kviler på tverrstokken i rammeverket til vinda.
Bjarte tar vekk barken frå sutak-borda. Me brukar ukanta sutak som er skore på oppgangsaga i Herand.
Sondre og Rasmus er i ferd med å avslutte arbeidet med sutaket.
Arken er lukka med handhøvla bordkledning og teglstein på taket.
Like this:
Like Loading...
Related