Monthly Archives: February 2016

Bloggen er åpen for alle lesarar

Tradisjonelt bygghandverk

Etter ei tid med utprøving av korleis vi kan bruke blogg for å vise kva studentane driv med på studiet Tradisjonelt bygghandverk har vi valt å gjere bloggen åpen også for andre enn studentar. Det er berre studentar og lærarar som postar på bloggen, men det er fritt fram for å kommentere. Her vil vi fortløpande legge ut informasjon om det som foregår på læringsarena og i dei ulike faga på studiet. Eg har lagt ut svara på gruppeoppgåva til studentane i faget Materialforståelse og tradisjonell bearbeiding i haust. Her kan du lese om kløyving av tømmer, handsaging og oppgangssag. Vidare vil det i hovudsak dreie seg om dei ulike prosjekta på tømring på læringsarenaer rundt om i landet. Desse vert ordna i eigne kategoriar så det skal gå an å leite seg fram til alt som er skrive om det enkelte prosjektet.

View original post