Category Archives: Produksjon av Vindehjul

Produksjon av Vindehjul

I ein tidlegare post synte me tillaginga av vindearken til Bugården. I denne posten skal me vise korleis me gjekk fram når me laga sjølve vindehjulet.

Me har ikkje noko restar etter det opphavlege  vindehjulet. Det gjekk truleg tapt som følgje av eksplosjonen på Vågen 20 april 1944. Men me har oppmålingsteikningar å retta oss etter når det gjeld utforminga og storleiken på hjulet. Plasseringa av hola etter heisetauet og plasseringa av lukene i svalgangane i etasjane under vinda bekreftar at me kan bruka dei gamle teikningane med omsyn til storleik og plassering av hjulet. Når det gjeld detaljane i utforminga må me sjå til dei gamle hjula andre stader på Bryggen. Me har også med oss erfaringar frå produksjon av vindehjulet i Svensgården 5e som vart laga nytt under restaureringa i 2007.

Lager, jernband og jernaksling til begge desse vindehjula er smidd av Seppe Lehembre i smia på Fartøyvernsenteret i Nordheimsund.

Vindehjulet består  av ein aksling og eit spilehjul. Spilehjulet er bunde saman på to ringar laga av doble bord som er grovt tilhogge i sirkel og spikra saman. Spilehjulet er igjen festa til akslingen med eit dobbelt sett gjennomgåande krysslagde eiker. Eikene er låst  til akslingen med gjennomgåande kilar.

Akslingen er laga av  ein tilhoggen furustokk  på omlag 8″ i firkant. Det er fasa hjørne der spilehjulet er inn festa.  Mot opplagringa inne går akslingen over til åttekant. Den delen der heisetauen løper rundt er høvla til rundholt.

Spilehjulet er laga av oppgangsskorne bord på 5/4 tommer. Desse borda er berre retta på den sida som ligg mot kvarandre. Me har forsøkt og finna bord som er skore av stokkar med litt sleng i seg slik at me får mest mogleg langved i emna. Med å planlegga betre kunne me ha bestilt slike bord frå oppgangssaga i Herand. Men ved dette høvet sorterer me ut fra det me har på lager og finn dei emna som er best egna. Spilene som heisetauet skal renne rundt er laga av dei rettaste og mest kvistreine  borda me fann under sorteringa. For å spara tid er desse kløyvd på sirkelsaga til lekter. Endane på spilene er tilhogne med øks slik at dei passar til dei avsmalande hola etter navaren. Denne tilpassinga prøver me for kvart emne ved å slå det ned i eit navarhol i ein askeplank. Den mjukare furuveden formar seg då etter den harde veden i aska.