Etter ei tid med utprøving av korleis vi kan bruke blogg for å vise kva studentane driv med på studiet Tradisjonelt bygghandverk har vi valt å gjere bloggen åpen også for andre enn studentar. Det er berre studentar og lærarar som postar på bloggen, men det er fritt fram for å kommentere. Her vil vi fortløpande legge ut informasjon om det som foregår på læringsarena og i dei ulike faga på studiet. Eg har lagt ut svara på gruppeoppgåva til studentane i faget Materialforståelse og tradisjonell bearbeiding i haust. Her kan du lese om kløyving av tømmer, handsaging og oppgangssag. Vidare vil det i hovudsak dreie seg om dei ulike prosjekta på tømring på læringsarenaer rundt om i landet. Desse vert ordna i eigne kategoriar så det skal gå an å leite seg fram til alt som er skrive om det enkelte prosjektet.

Hei!
Her frå Bryggen vil me gratulere så mykje med bloggen. Supert at de startar med den så tidleg i studiet. Det er ein flott måte å dokumentere arbeidet på og samtidig få delt det ein lærer med andre. Ser fram til å følge med framover! Helsing Atle
LikeLiked by 2 people